Har nett kome attende frå konsert. 10 års jubileum for Kåre Arnesen sitt minnefond vart market i Metodist-kykja i Fredrikstad. Rart å tenkje på at det er over ti år sia Kåre døydde. Han har hatt mykje å seie for meg, utan dei oppmuntrande orda han kom med og trua han hadde på meg er det ikkje sikkert at eg hadde dirgert kor og skrive arr. for kor. Det var ein fin konsert, Kåre si dotter fekk prisen for året, sirkelen er slutta.

I år er det elles 25 år sia eg starta opp som dirigent. Hugsar godt at eg gjekk inn på kontoret til Asbjørn Rummelhoff som var rektor på Åttekanten skule på den tida. Asbjørn var sångar, kjend i bygda og ein fin mann å alliere seg med. Vi drog i gang Vestre Hvaler Trivselskor, eit kor som i dag tel om lag 60 sångarar.

Elles har eg vore ein del av Risikoret, Fredrikstad koammerkor, Manskoret Skiold, KorLuren, Beaks, Fredrikstad Barberboys og ein del anna. Ja, skulle ein rekne alle kvaldar ville det bli år. Gode år.

24. oktober er eg invitert på jubileumsfest i Hvaler Trivselskor saman med Kari. Ser fram til det.

Men altså, øvinga den 22. september. Eg er optimist. Vi syng reine kvintar og oktavar i Bass og Bary. De øver, karar! Leadane kling betre enn nokon gong og vi har gode tenorar. Til dei nye: ingen treng å otte seg! De er med vidare.

Analyse av det vi syng har ført til at eg peikar på kvintar og sjuerar. Alle høyrde vel kva ein BBS 7th var då Tommy tro til på ein giss samstundes med at vi traff på vokalane.

Rolf Erik og eg legg til rette for eit godt seminar den 10. oktober.

Neste veke er det "Bye, bye Blues" vi skal kunne arr.et utan noter. Og ja, det vert øving for dei som kan. Eg ser fram til det.

In Harmony Petter S.